Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik og moderne skule i Arna med omlag 300 elevar fordelt på fem utdanningsprogram. Desse programma er bygg-og anleggsfag, helse-og oppvekstfag, medium-og kommunikasjon, studiespesialiserande og medieproduksjon og informasjonsteknologi. Skulen held til på idylliske Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Skulen vart rehabiltert i 2018 og framstår som heilt ny. Frå hausten 2023 har skulen ledig stilling som engelsklærar. Stillingstorleik vil bli på minst 80%
Samarbeider godt med kolleger, foreldre og elevar
Tek omsyn til at elevane er ulike, og at dei er i ein utviklingsprosess både sosialt og fagleg.
Reflekterer rundt eigen praksis og ynskjer å utvikle den vidare
Tilsetne fordjupinting på fylkeskommunale vilkår
Gode kolleger og godt elevmiljø
Liten skule i fine naturomgjevnader.
Fridom til å arbeide utforskande for å utvikle eigen praksis
Kontaktinformasjon
Svein Arne Nybø
ass. rektor
Telefon: 90266798
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.