Anleggsutdanninga ved Fagskulen Vestland, avd. Voss har ledig lærarstilling. Det er ei god og populær utdanning, med eit triveleg arbeidsmiljø. Studiet er nettbasert med samlingar. Det er 3 klassar som har 6 samlinga kvart skuleår. Fagskulen er lokalisert saman med Voss vgs i Skulestadmoen på Voss.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege og engasjerte kollegaer, gode faglege diskusjonar og høve til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet.
I tillegg får du fordelane med å være tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og gode pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Andrid Solaas
avdelingsleiar
Telefon:90094432
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.