Vi ønsker å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Har du eit stort engasjement og interesse for å arbeide med menneske med samansette hjelpebehov, og ønsker å vere del av eit kompetent fagmiljø basert på eit fagleg og målretta miljøarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.
Her arbeider du med ein tenestemottakar. Du bur på arbeidsplassen når du jobbar døgnvakt, og arbeider 2-3 døgn og 4. kvar helg, for deretter å ha langfri inntil ei veke. Ein person arbeider døgnvakt med sovande nattevakt og den andre personen arbeider langvakt, og bytar vekselvis på dette i turnus.
Oppstart etter nærare avtale
Velkommen som søkar!
Kontaktpersonar:
Einingsleiar Siri-Merethe Solheim
tlf: +47 57 02 12 55
mob: +47 986 85 240
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.