Med om lag 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Om stillinga
Fagskulen Vestland har ledig eit års vikariat knytt til Servicetorget på studiestaden Nordnes med start så snart som mogleg og fram til 1. mai 2024.
Det er viktig at du arbeider sjølvstendig og systematisk med oppgåvane dine, og har gode samarbeidsevner.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskaper
Vi tilbyr
Arbeidsstad: Fagskulen Vestland, studiestad Nordnes (Haugeveien 28, 5005 Bergen)
Spørsmål om stillingen
Hege Aarethun
administrasjonsleiar
Telefon 995 09 287
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.