100% fast stilling som rektor ved Tokke skule frå 01.08.2023
Forlenga søknadsfrist: 6. juni 2023
Satsingsområde ; Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar. Me er oppteken av tydeleg og trygge vaksne, relasjonskompetanse og fokus på at alle borna skal høyre til i eit trygt og godt fellesskap. Skulens visjon er: Tokke skule opp og fram, kunnskap, meistring trivsel.
Har du lyst til å utgjere ei skilnad, og har du høge ambisjonar som skuleleiar- er dette jobben for deg. Velkommen til oss på Tokke skule. Her vil du trivast!
Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Me kan tilby:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved kommunalsjef Tone Lunde Skaalen, tlf. 97171406, e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no
Søknad sendast på elekstonisk skjema som du finn her
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.