100% fast stilling som biblioteksjef for tida ved plan-, næring- og kulturetaten
Søknadsfrist: 6. juni 2023
Omtale av arbeidsplassen
Tokke bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek, og yter bibliotektenester til to grunnskular og Vest-Telemark vidaregåande skule. Hovudbiblioteket ligg sentralt og ope i Tokke kulturhus (nytt 2008) på Dalen, midt mellom dei to skulane og idrettshallen. I kulturhuset er det også kinosal, badeanlegg, kulturskule og møterom. Biblioteket er meirope med ei løysing for sjølvbetjening. Barn og unge brukar biblioteket mykje, både i skulesamanheng, til lekselesing og elles. Elevane i Tokke har i fleire år vore blant dei mest ivrige deltakarane i Sommarles. Vaksne og eldre nyttar biblioteket som møteplass og stikk innom i samband med ulike aktivitetar på kulturhuset, slik at biblioteket har gjennomsnittleg høg besøksstatistikk på landsbasis.
Tokke bibliotek er med i samarbeidet Vest-Telemarkbiblioteka, der vi har felles database og jobbar saman når det gjeld fagleg utvikling og andre aktivitetar. Biblioteket ligg administrativt under Plan-, næring- og kulturetaten i Tokke kommune. Folkebiblioteket har ein filial ved skulen i Høydalsmo. Det er meirope og sjølvbetjening, også ved filialen.
Tokke kommune er blitt ein del av det internasjonale fribynettverket (ICORN).
Kort om stillinga
Personlege eigenskapar
Kvalifikasjonar:
Me kan tilby:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Søknad sendast på elektronisk skjema, som du finn her
Nærare opplysningar om stillinga vert gjeve av biblioteksjef Benedikte Nes, tlf. 35 07 56 66.
Velkomen som søkjar!
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.