
Er du Åheim skule sin nye rektor?
Vanylven kommune har ledig fast stilling som rektor ved Åheim skule, og vi søker etter ein utviklingsorientert og samlande leiar som kan jobbe strategisk og målretta med å vidareutvikle skulen sine satsingsområde og praksisar. Som rektor får du det overordna pedagogiske og administrative ansvaret som inneber både fag-, økonomi- og personalansvar.
Åheim skule er ein synleg institusjon i bygda og ligg i Vanylven kommune. Skulen har ca. 75 elevar frå 1.-10-. klasse, 20 tilsette og eiga SFO-ordning. Det er høgt fagleg nivå på dei tilsette, og eit stort fokus på å levere gode opplæringstenester til elevane. Som rektor får du oppgåva med å halde oppe motivasjon og inspirere dei tilsette i det viktige arbeidet. Stillinga har kommunalsjef for kultur- og oppvekst som næraste leiar. Tiltredelse etter avtale.
Vanylven kommune er ein spennande arbeidsplass i utvikling, og vi treng motiverte og handlekraftige leiarar med på laget!
Arbeidsoppgåver
- Leie arbeidet med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø
- Utvikle skulen i samsvar med kommunen sine overordna planar, kvalitetsplanen for skulen og nasjonale planverk
- Utøve tillitsbasert leiing og legge til rette for godt samarbeid med tilsette og foreldre
- Forvalte skulen sin ressursar og styre innanfor vedteke budsjett
- Bidra til god samhandling, og sikre godt samarbeid på tvers av tenester
Kvalifikasjonar
- Søkjarane må ha godkjend pedagogisk utdanning
- Ønskeleg med erfaring frå skuleleiing
- Ønskeleg med tilleggsutdanning i skuleleiing/administrasjon og leiing/personalleiing
- Du må i søknaden kunne vise til og dokumentere erfaring frå gjennomførte utviklingsoppgåver og/eller prosjekt
Personlege eigenskapar
- Du må ha fokus på meistringsorientert leiing
- Du må kunne kommunisere ein bodskap tydeleg og godt
- Du har evnen til å bygge gode relasjonar og er samarbeidsorientert
- Du kan vise omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
- Du trivast med ulike arbeidsoppgåver, og har kapasitet til å ta tak i utfordringar
- Du arbeider godt med ulike IKT-verktøy og system
- Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med mulegheit for samfunnspåverknad
- Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning gjennom SPK
- Nedskriving av studielån (maks. kr 28 000,- pr. år)
Tilsetjing blir gjort etter gjeldande lover og reglement. Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Andreas Chr. Nørve, Kommunedirektør, 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.no