Vil du vere med på laget i vår interkommunale psykologteneste i Voss herad?
Me har ledig 100 % fast stilling for kommunepsykolog
Stillinga vert ledig frå 14. august 2023, eller etter avtale. Kommunepsykologane er samlokalisert med andre hjelpetenester i Voss sitt nye kontorbygg Knutepunktet . Voss herad er vertskapskommune for kommunepsykologtenester i Ulvik herad og Eidfjord kommune.
Beskrivelse
Voss herad si psykologteneste har 3,5 stillingar for kommunepsykologar. Psykologtenesta skal arbeide heilskapeleg og tverrfagleg i fleire tenester, mellom anna ved å styrka kompetanse og kvalitet på arbeidet innan rus og psykisk helse. Personar i alle aldrar vil dra nytte av arbeidet i tenesta. Psykologane skal arbeida system- og samfunnsretta gjennom helsefremjande og førebyggande arbeid. Dei skal arbeide både individuelt (korttidsbehandling), med grupper, systemarbeid med rettleiing og planarbeid. Psykisk helsearbeid inkludert oppfylgingsarbeid til familiar og pårørande er eit kommunalt lågterskeltilbod. Psykologtenesta skal samarbeida med aktuelle kommunale tenester, samt andre tenester t.d. spesialisthelsetenesta. Voss herad er ein BTI kommune Betre tverrfagleg innsats Tidleg innsats, førebygging og godt tverrfagleg samarbeid er kjernemål i det daglege arbeidet vårt.
Arbeidsoppgåver
Du vil få vera med å utforme arbeidsoppgåvene utfrå din kompetanse og interesseområde:
Me søkjer
Me tilbyr
Anna
Søknad
Kontaktpersonar
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Voss - bygd for sterke opplevingar
Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.