Vi ser etter ein sjølvstendig og serviceinnstilt medarbeidar som kommuniserer og samarbeider godt. Kvardagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar og 4 service leilegheiter. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og vi har eit lindrande rom.
Fagleiaren har tett samarbeid med driftssjef og andre tilsette i kommunen. Fagleiar har det daglege faglege ansvaret for drifta ved Bremanger sjukeheim, der ein skal støtte og hjelpe dei tilsette i kvardagen slik at vi kan yte gode tenester til brukarane og pårørande.
Gode norskkunnskapar vert vektlagt.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg arbeidsmiljø ilag med mange gode medarbeidarar
Kontaktinformasjon
Evy Janne Berle
Driftssjef
Telefon: +47 95982944
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.