100% stilling som verksemdsleiar ved Røldal oppvekstsenter.
Røldal oppvekstsenter består av skulen med 46 elevar frå 1.-10. klasse og barnehagen med for tida 16 barn. I fjellbygda Røldal er det eit godt samarbeid med lokale lag og organisasjonar, og samstundes eit fantastisk ute- og nærområde som vert nytta i skulekvardagen. Røldal oppvekstsenter er stolte over sine lokale tradisjonar, og tek dette inn i undervisninga. Det føregår ulike aldersblanda aktivitetar i løpet av året for å skape det gode samhaldet og gleda som dei tilsette er stolte over. I barnehagen er det avdelingsleiar, og på skulen setjerektor. Borna og elevane/ungdommane gler seg til å møte ein leiar som både kan sjå dei, og vere saman med dei i skulekvardagen.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar for stillinga
Lønnsvilkår:
Ullensvang kommune kan tilby:
Spørsmål om stillingen
Anna Maria Kråkevik
Verksemdsleiar
Mobil 970 78 337
Ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?