Førde omsorgssenter er eit «levande» senter som består av 3 einingar; korttidseining, langtidseining og skjerma eining. Vi samhandlar med mellom anna fysio/ergo, aktivitør og eigen lege på senteret.
Vi er framtidsretta og har fokus på fagleg kvalitet. Dette er arbeidsplassen for deg som ønsker høg grad av fagleg utvikling, likar varierte oppgåver, er sjølvstendig og trivast med utfordringar.
Vidareutdanning for sjukepleiar/helsefagarbeidar innan demensomsorg, lindrande behandling/palliasjon, rettleiing, legemiddelhandtering og velferdsteknologi, samt erfaring som ressurssjukepleiar vil vere ein fordel.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning til stillingane kan andre med erfaring og interesse for eldreomsorg søke. Ein vil då få tilbod om midlertidig stilling.
Håpar dette verkar interessant!
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale med ein av einingsleiarane ved omsorgssenteret:
Skjerma eining: Britt Sissel Sunde tlf: 47 46 73 61
Langtidseininga: Camilla Sørensen tlf: 99 08 43 61/ 99 70 60 96
Kortidseininga: Gunn Beathe Bruland tlf: 99 61 04 73/ 47 97 07 42
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.