Nattstillingar i heimetenesta i Rauland frå 60.9% eller inntil 100% - ID 2023/1062
Søknadsfrist: 31.03.23
Har du evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, taklar uforutsette hendingar, er fleksibel, kreativ og løysingsorientert? Har du gode samarbeidsevner og kan skape trygge og gode relasjonar med både brukarar og kollegaer ? Likar du å arbeide i mindre fagmiljø, er robust og har godt humør?
Me søkjer etter helsefagarbeiderar til faste nattevaktstillingar i Rauland, frå 60,09 % med arbeid
kvar 3. helg eller inntil 100 % med arbeid 2. kvar helg.
Arbeidsoppgåvene vil innebera:
Me kan tilby:
Faglege kvalifikasjonar:
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Ved interne omrokkeringar, kan det bli tilsett i andre stillingar.
Nærare opplysningar om
stillingane ved avdelingsleiar Hege Rorgemoen tlf. 48210156
Søknad skal sendast på elektronisk skjema.
Lenke til søknadsskjema finn du her
Velkomen som søkjar!
Rauland Omsorgssenter er eit bu-tilbod som er tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne. Her får bebuarane helse- og omsorgstenester etter behov. Personalgruppa består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelper/assistentar som samarbeider med dei andre avdelingane i kommunen. Omsorgssenteret har til saman 13 bebuarar-rom som er døgnbemanna, samt 7 frittståande omsorgsleilegheiter i nærleiken. I tillegg er Omsorgssenteret også base for heimesjukepleie og heimehjelps-tenesta i Rauland. Distriktet omfattar Rauland sentrum og omegn, Vaa, Møsstrond, Øvre Øyfjell og Kostveit.
Kontakt
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar
Hege Rorgemoen
Telefon 48 21 01 56
Send e-post her
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.