Helse og meistring har ledig inntil 100% fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta i Rauland frå 31.05.23 - ID2023/1067
Søknadsfrist: 31.03.23
Stillinga er i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstid 35,5 t/v.
Som tilsett i heimetenesta vil dine hovudoppgåver vere knytt til:
Kvalifikasjonar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Me søkjer deg som
Me kan tilby
Dersom det ved interne omrokkeringar vert ledige fleire stillingar, tilset me og i desse.
Vitnemål og attestar må takast med til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema.
Lenke til søknadsskjema finn du her
Heimetenesta i Rauland omfattar Rauland Omsorgssenter som er eit bu-tilbod med tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne. Omsorgssenteret har til saman 13 bebuarar-rom som er døgnbemanna, samt 7 frittståande omsorgsleilegheiter i nærleiken. Omsorgssenteret er også base for heimesjukepleia og heimehjelps-tenesta i Rauland, og me har ope dagsenter for heimebuande to dagar i vika. Distriktet omfattar Rauland sentrum og omegn, Vaa, Møsstrond, Øvre Øyfjell og Kostveit. Me har ei brukargruppe på rundt 55 personar med ulike hjelpebehov. Personalgruppa består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelper/assistentar og kjøkenpersonell, og utgjer ein gjeng på tilsaman 27 faste tilsette. Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og me ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss. |
Kontakt
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar
Hege Rorgemoen
Telefon 48 21 01 56
Send e-post her
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.