Sunnfjord Brann og redning har 6 brannstasjonar med omlag 70 deltidstilsette og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering.
Einginga skal ha 8,5 årsverk innan brannførebygging.
Søkar må tilfredsstille kompetansekrava i Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesenet § 40 om førebyggande personell. Dersom dette kravet ikkje er tilfredsstilt, må søkar vere villig til å ta
nødvendig kurs ved Norges Brannskole
Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg.
Kontaktperson:
Einingsleiar Bernhard Øberg
mob: +47 959 89 601
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.