30/11/2018

Tannhelsesekretær - Tannhelsetenesta - senter for odontofobi

  • Hordaland fylkeskommune
  • Bergen, Norge
Tannhelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 16.12.2018

Ved TkVest/Hordaland er det ledig 40% fast stilling som tannhelsesekretær ved senter for odontofobi frå og med 01.01.2019.

 

Arbeidsoppgåver 

  • Det er ønskjeleg med erfaring og interesse for arbeid med odontofobipasientar. Gode evner til å samarbeide er ei førestnad for tilsetjing i stillinga. 

Personlege eigenskaper 

  • Den som blir tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjøvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar. Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagde 

Kvalifikasjonar 

  • Søkjarar til stillinga må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader 

Følgjande blir tilbydd 

  • Tannhelsesekretær blir f.t. løna f.o.m. kr 338.800 - 409.200 etter 16 år
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort 

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson 

Ileana Mihaela Marthinussen Cuida

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå