Heimetenesta i Øvre omfattar Norheimstunet omsorgssenter, som er eit bu-tilbod med tilrettelegging for personar som har nedsett funksjonsevne. Norheimstunet er eit triveleg tun, som ligg sentralt til i Haukeli. Omsorgssenteret har 11 bebuarrom inne på Norheimstunet, som er døgnbemanna, samt 4 frittståande omsorgsbustader ute på tunet.
Omsorgssenteret er base for alle heimebaserte tenester i Øvre Vinje, og heimehjelps-tenesta i Øvre. Me har og eit eldresenter med kokk, som lagar middag to gonger i veka for bebuarane inne, og eldre ute i Øvre distrikt. Me har ei brukargruppe på omlag 45 stk. med ulike behov.
Øvre distrikt området omfattar Edland, Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Heimetenesta i Øvre har ei personalgruppe som består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, kjøkenhjelp og heimehjelper/assistentar, og utgjer ein gjeng på tilsaman 25 stk.
Det vil bli lagt vekt på personleg eignahet.
Dersom det ved interne omrokkeringar, vert ledige stillingar, tilset me og i desse.
Vitnemål og attestar må takast med til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknaden må du sende på elektronisk skjema. Lenke til søknadsskjema finn du her
Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og me ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Kontakt
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar
Arnhild Romtveit, telefon 47 64 02 76.
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.