Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet.
Bjørnafjorden kommune har 3 sektorer; oppvekst, helse & velferd og samfunnsutvikling. Sektor for samfunnsutvikling har eit bredt samansett fagmiljø fordelt på einingane plan, byggesak, kart- og oppmåling, kultur, brann og redning, innbyggarservice, eigedom, samferdsle og VA. I tillegg koordinerer vi næringsaktiviteter og ivaretar kommunen sitt arbeid med klima og miljø.
Bjørnafjorden landbrukskontor består i dag av 6 faste tilsette og har ansvar for 3 kommunar; Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger. Vi forvalter ei rekke lovverk og tilskotsordningar knytt til jordbruk, skogbruk og vilt. Vi handsamar søknader etter jordlov og konsesjonslov, og søknader om produksjonstilskot, regionalt miljøtilskot og andre ordningar. I tillegg har vi har ei viktig rolle ved å informere og rettleie gardbrukar, interne planleggingsprosessar og samhandling med andre offentlege etater.
Landbrukskontoret har hovudkontor i Eikelandsosen. Utover det har vi kontorplasser på rådhuset Osøyro, i Uggdal (Tysnes) og i Tysse (Samnanger).
Vi søkjer etter landbruksrådgjevar i fast 100 % stilling.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar og egenskapar:
Kompetanse og erfaring som vil vera ein fordel:
Vi tilbyr:
Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Spørsmål om stillingen
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.