Eininga Rekneskap og løn har 17 tilsette og har kontor i rådhuset i Førde sentrum. Hovudoppgåvene våre er å føre rekneskap for Sunnfjord kommune og for andre interkommunale selskap. Vi nytter i dag Visma økonomisystem.
Det er 7 tilsette som arbeider med løn og refusjonsområdet i dag.
Hovudoppgåvene dine vil være innan løns- og refusjonsområdet.
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling via arbeid og vidareutdanning. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit godt arbeidsmiljø, mykje ansvar og tillit.
Kontaktperson:
Terje Guddal
tlf: +47 57 61 26 84
mob: +47 909 53 559
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.