Vår dyktige leiar vert no pensjonist og me søkjer hennar etterfølgjar. Voss helsestasjon og skulehelseteneste har ledig fast 100 % stilling som leiar frå 01. juni 2023.
Om arbeidsstaden:
Helsestasjonen og skulehelsetenesta er organisert i kommunalavdeling Oppvekst under Barne- og familietenestene. Barne- og familietenestene har felles leiar i lag med PPT, barneverntenesta og kommunepsykologtenesta. Desse er samlokalisert saman med andre hjelpetenester i Knutepunktet, eitt nytt kontorbygg midt i sentrum av Vossevangen. Me har alle eit stort fokus på tverrfagleg samarbeid
Helsestasjon- og skulehelsetenesta har ei sentral rolle i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet når det gjeld fysisk og psykisk helse for barn og unge i alderen 0-25 år. Fokus skal vere tidleg innsats for å førebyggje uheldig utvikling på individ, familie og gruppenivå. Vidare å sikre born og unge si rett til helseteneste. Tenesta har eit godt fagmiljø med høg kompetanse og erfarne medarbeidarar. Tenesta tel tilsaman 18 årsverk. Skulehelsetenesta gjev tenester til 11 grunnskular og 2 vidaregåande skular.
Stillinga vil kreve at du har gode evner til å utvikle tilsette og fagområde innafor helsesjukepleiarfaget og å kunne strategisk styre tenestetilbodet både internt i eininga og på tvers av tenesteområda.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Me forventar:
Me tilbyr:
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Spørsmål om stillingen
Kjell Roger Stien
Telefon 901 84 680
Voss - bygd for sterke opplevingar
Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.