Dette er ein open søknad til sjukepleiarstilling i Stryn kommune. Det omfattar arbeidsstad ved Vikane omsorgssenter.
Vikane omsorgssenter
Pleie, omsorg og rehabilitering i institusjon og i brukar sin heim.
Norsk autorisasjon som offentleg godkjent sjukepleiar.
Kontaktinformasjon
Kari-Anne Tisthamar Haveland
Einingsleiar område Vikane
Telefon: 99416110
Stryn har om lag 7200 innbyggjarar og ligg i inste delen av Nordfjord. Vi har eit aktivt og utviklingsorientert næringsliv, der både reiseliv og industri er mellom dei fremste i landet på sine område. Stryn kommune har i overkant av 800 tilsette fordelt på 563 årsverk. Kommunen har ein ambisjon om å vere ein attraktiv arbeidsplass med fokus på å rekruttere, utvikle og halde på dei beste medarbeidarane. Stryn kommune vart i 2019 kåra til den 5. beste kommunen i Noreg på kommunebarometeret.