100% fast stilling ledig frå 17.04.23 ved heimetenestene i Åmot, Rauland og Øvre Vinje distrikt - ID 2023/837
Søknadsfrist: 17.03.23
Stillinga er nyoppretta og fyrste periode frå 17.04.23 til 31.08.24 vil vera i Heimetenesta Åmot. Arbeidstid er turnus 35,5 t / veke med arbeid kvar 3. helg.
Kven er me?
Heimetenesta Åmot er ein gjeng med 16 trivelege og dyktige kollegaer som er helsefagarbeidarar/hjelpepleierar, sjukepleierar, spesialsjukepleierar, aktivitør, heimehjelp og pleiemedarbeidar. Me er heimesjukepleie, heimehjelp, dagtilbod og demenskoordinator. Me har ei brukargruppe på omlag 105 stk med ulike hjelpebehov. Me yter tenester hovudsakeleg i brukars private heim, og har 10 frittståande omsorgsbustader knytt til vårt distrikt. Me har eit samarbeid med Vinje Sjukeheim om å yte tenester på natt til heimebuande. Distriktet omfattar Åmot sentrum og omegn, Bøgrend, Vinje til Smørklepp, Tjønnegrend, Kostveit, store delar av Øyfjell, Mannås, Berdal, og Ligrend.
Heimetenesta i Rauland omfattar Rauland Omsorgssenter som er eit bu-tilbod med tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne. Omsorgssenteret har til saman 13 bebuarar-rom som er døgnbemanna, samt 7 frittståande omsorgsleilegheiter i nærleiken. Omsorgssenteret er også base for heimesjukepleia og heimehjelps-tenesta i Rauland, og me har ope dagsenter for heimebuande to dagar i vika. Distriktet omfattar Rauland sentrum og omegn, Vaa, Møsstrond, Øvre Øyfjell og Kostveit. Me har ei brukargruppe på omlag 55 stk med ulike hjelpebehov.
Personalgruppa består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelper/assistentar og kjøkenpersonell, og utgjer ein gjeng på tilsaman 27 faste tilsette.
Heimetenesta i Øvre omfattar Norheimstunet omsorgssenter, som er eit bu-tilbod med tilrettelegging for personar som har nedsett funksjonsevne. Norheimstunet er eit triveleg tun, som ligg sentralt til i Haukeli. Omsorgssenteret har 11 bebuarrom inne på Norheimstunet som er døgnbemanna, samt 4 frittståande omsorgsbustader ute på tunet.
Omsorgssenteret er base for alle heimebaserte tenester i Øvre Vinje, og heimehjelps-tenesta i Øvre. Me har og eit eldresenter med kokk, som lagar middag to gonger i veka for bebuarane inne og eldre ute i Øvre distrikt. Me har ei brukargruppe på omlag 45 stk med ulike behov.
Øvre distrikt området omfattar Edland, Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Heimetenesta i Øvre har ei personalgruppe som består av med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, kjøkenhjelp og heimehjelper/assistentar, og utgjer ein gjeng på tilsaman 25 stk.
Felles for alle er at me verdset eit godt arbeidsmiljø, og me ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Som tilsett i heimetenestene vil dine hovudoppgåver vere knytt til :
Det vil bli lagt vekt på personleg eignahet.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad må du sende på elektronisk skjema.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Anne Jannicke Lie på telefon 46 92 40 80 eller verksemdleiar Liv Berit Versto på telefon 91 76 54 97
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.