
Vi har ledig 100 % stilling som fagleiar frå 01.08.23.
Davik oppvekst er eit oppvekstsenter med 1-10-skule og barnehage med 2 avdelingar som er lokalisert på Davik og Kolset.
Leiinga ved Davik oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage.
Fagleiar i barnehage skal fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og delar av stillinga skal vere i avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle barnehagane som ei pedagogisk og lærande verksemd i tråd med barnehagelova,rammeplan og overordna føringar og lovverk
- Skape god relasjon med barn, foreldre og tilsette
- Organisasjonsutvikling
- Bidra til kompetanseutvikling i eigen barnehage og barnehagane i kommunen
- Strategisk leiing og planlegging
- Tverrfagleg samarbeid om barn sin oppvekst og utvikling
Kvalifikasjonar
- Krav om barnehagelærarutdanning
- Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
- Gode, oppdaterte kunnskapar knytt til barnehagefeltet
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad
- Krav om godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, er løysningsfokusert og raus
- Fagleg sterk, har evne til nytenking og ser meininga av å vere til stades i den daglege drifta og vere i avdelingane ved behov
- God evne til å inspirere, involvere og motivere medarbeidarane, samtidig som ein stiller krav
- Vere sjølvstendig og ha gode framdrifts- og gjennomføringsevner
- Vere strukturert og kunne handtere fleire og samansette arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag i eit godt og støttande arbeidsmiljø
- Gode muligheiter for medverknad på eigen arbeidssituasjon
- Ein barnehage med gode arbeidsforhold og rom for alle
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe barnehageplass
Lønn og tilsettingsvilkår
Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetting.
Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Kontaktinformasjon
Helge Bakke
Driftssjef
Telefon: 95985264