Det er ledig 100% fast stilling for vernepleiar i Eining for miljø- og velferdstenester frå 01.04.2023. Stillinga er knytt til heimetenesta for utviklingshemma, avd. Bøabakkane, med turnusarbeid og helgearbeid.
Bøabakkane er ei avdeling der ein arbeider i brukar sin heim med daglege gjeremål og utviklingsarbeid. Brukarane er personar med ulik grad av psykisk utviklingshemming.
Åshild Heggdal, Einingsleiar, 93446790
Stryn har om lag 7200 innbyggjarar og ligg i inste delen av Nordfjord. Vi har eit aktivt og utviklingsorientert næringsliv, der både reiseliv og industri er mellom dei fremste i landet på sine område. Stryn kommune har i overkant av 800 tilsette fordelt på 563 årsverk. Kommunen har ein ambisjon om å vere ein attraktiv arbeidsplass med fokus på å rekruttere, utvikle og halde på dei beste medarbeidarane. Stryn kommune vart i 2019 kåra til den 5. beste kommunen i Noreg på kommunebarometeret.