Vi har ledig ei spanande og utfordrande leiarstilling i Tokke kommune -- er dette noko for deg?
Tokke kommune har ei nyoppretta stilling som kommunalsjef for teknisk etat. Stillinga som kommunalsjef er fast, med ynskje om oppstart så snarleg som mogeleg.
Teknisk etat er ei spanande avdeling som har ansvaret for mange oppgåver som er avgjerande for infrastrukturen i kommunen. I tillegg har vi ein ambisiøs investeringsplan innan bygg og VVA, og kommunalområdet har ansvaret for å planlegge og gjennomføre desse prosjekta.
Som kommunalsjef for tekniske etat vil du vere ein av fire kommunalsjefar som inngår i kommunedirektøren si faste leiargruppe, saman med NAV-leiar, økonomisjef og organisasjonssjef.
Vi ser etter deg som har god kompetanse, tek ansvar og ynskjer å bidra til ei sterk lagånd. Saman med dine kollegaer i kommunedirektøren si leiargruppe ser du stadig etter nye moglegheiter, og er ein aktiv pådrivar i utviklinga av både kommunen sine tenester og kommunen som organisasjon. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver:
Overordna administrativt, fagleg og økonomisk ansvar, samt personalansvar for teknisk etat.
Ansvarsområde
· Planar og prosjektering
· Prosjektstyring
· Brann og beredskap
· Eigedomsforvalting, drift/vedlikehald og utvikling
· Kommunalteknikk, veg/avløp
· Innkjøp
· Andre fagområde kan bli lagt til ansvarsområdet
Kommunalsjefen rapporterer til kommunedirektøren.
Kvalifikasjonskrav
· Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
· Erfaring og kompetanse frå eit eller fleire av dei aktuelle ansvarsområda er ein fordel
· Leiarerfaring er ynskjeleg
· Erfaring frå økonomioppfølging og prosjektleiing vil vere ei styrke
· Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
· Vere engasjert, vise evne til å setje klare mål, ta initiativ og gjennomføre, vere fleksibel.
· Utøve eit godt leiarskap og medarbeidarskap
· Positiv og serviceinnstilt, gode samarbeidsevner
· Nøyaktig og flink til å kommunisere både munnleg og skriftleg
· Førarkort kl. B
Vi tilbyr:
• Interessante og varierte arbeidsoppgåver
• Hyggelege kollegaer og ein god arbeidsplass
• Opplæring og kompetanseoppbygging
• Fleksibel arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Lønn etter avtale.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunedirektør, Finn Arne Askje,
tlf. 95 07 66 37, eller finn.arne.askje@tokke.kommune.no
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad sendast på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 20. mars 2023
Velkomen som søkjar!
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.