06/12/2018

Økonomisjef

  • Ulvik herad
  • Ulvik, Norge
Administrasjon - Økonomi Ledelse

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 16.12.2018

Ulvik herad har ledig stilling som økonomisjef frå 1. februar 2019. Økonomisjefen har fag- og driftsansvar for kommunen sin samla økonomifunksjon og rapporterer til rådmann/stabssjef.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Operativt ansvar for å leie og koordinere den samla økonomistyringa i heradet (budsjett, økonomiplan, rekneskap og innfordring av skatt og kommunale krav), med tilrettelegging for gode prosessar, rapportering, økonomiske analysar og oppfølgjing av politiske vedtak
  • Strategisk planlegging og rådgjeving for politisk og administrativ leiing, på det økonomiske fagområdet
  • Eigedomsskatt
  • Finansforvaltning
  • Overordna ansvar for KOSTRA-rapportering
  • Drift, samordning og utvikling av økonomisystemet
  • Kontroll, tilsyn, rettleiing og intern opplæring innan økonomiområdet i heile organisasjonen
  • Sikre heilskapleg økonomistyring på tvers av einingane i heradet
  • Delta aktivt i utviklingsarbeidet i heradet

Me ynskjer:

  • Høgare økonomisk utdanning (3-5 år)
  • Røynsle frå tilsvarande arbeid, helst frå kommunal sektor
  • Gode IT-kunnskapar
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • Evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • Analytisk, strukturert og resultatorientert

Økonomisjefen har det faglege og administrative ansvaret for økonomiområdet i heradet. Økonomisjefen må vera pådrivar innafor innkjøpsområdet og utvikling av E-handel.

Søknadsfrist: 16. desember 2018.

Send elektronisk søknad med CV her. Merk med saksnr: 18/364.

Kopiar av attestar og vitnemål vert etterspurt ved intervju. 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta: rådmann Thore Hopperstad tlf. 40007158 eller personal- og administrasjonsleiar Anette T. Hjeltnes tlf. 40007118.

ULVIK – PERLA I HARDANGER

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå