Vi har ledig vikariat i til saman 150 % frå snarast og til 21.06.2023, med mogleg for forlenging.
Er du klar for spanande, varierte og lærerike arbeidsdagar saman med 136 kjekke elevar og eit utviklingsorientert og humørfylt personale prega av godt samarbeid? Fusa ungdomsskule held til i topp moderne lokale med mange pedagogiske moglegheiter, sentralt plassert i Eikelandsosen med idrettsanlegg, fleirbrukshall, fjell og fjord tett ved.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Bjørnafjorden kommune med ca. 25 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Det er opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.
Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
Undervisning på ungdomstrinnet. 100% stilling kan innebere kontaktlærarfunksjon.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- godkjenning av utenlandsk høyere utdanning
- godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Vi ønskjer ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe medungdom. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
At du er engasjert, inkluderande, fleksibel, samarbeidsvillig, ogviser vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Eit hyggeleg arbeidsmiljø, eit stabilt personale og ei engasjert foreldregruppe
- Mange møtepunkt for fagleg utvikling og sosial kontakt
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Vivi Irene Fosse
Telefon
917 27 724
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.