Ledig rektorstilling ved Hauso barne- og ungdomsskule frå 01.04.23
Stillingsstorleik 100 %
Hauso barne- og ungdomsskule er ein fådelt kombinert barne – og ungdomsskule med 74 elevar, 18 tilsette (lærarar, fagarbeidarar, merkantil og inspektør), SFO og basseng. Skulen har flott utsikt mot fjord og fjell, og ligg midt mellom frukthagane i Hardanger. Satsingsområdet er inkluderande skulemiljø, og skulen har vore ein del av UDIR og Statsforvaltaren sitt utviklingsprosjekt IBS. For å utvikla eit godt lærings- og sosialt miljø vert “Zippys venner”, “Mitt Val” nytta, samt skulen sine verdiar. Det er faste arrangement gjennom året for å utvikla gode sosiale relasjonar. Skulen har eit svært kompetent og stabilt personale eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Lønnsvilkår:
Ullensvang kommune kan tilby:
Spørsmål om stillingen
Anna Maria Kråkevik
Kommunalsjef
Mobil 970 78 337
Ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?