Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Sotra vgs skal i framtida lokaliserast i eitt nytt bygg på Straume.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Vi er stolt av kompetansen vi har i faga og formidlar fagleg kunnskap som inspirerer elevane til å utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Førebyggjande arbeid:
Ta initiativ til og fremje tiltak som aukar trivsel og styrkar miljøet ved skulen.
Ha særleg merksemd mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk.
Oppfølging av tiltak knytt til særskilte målgrupper som t.d. hybelbuarar, russ osb.
Samarbeid med kommunale tenester som t.d. ungdomskoordinator.
Haldningsskapande arbeid knytt til sosiale media og nettvett.
Kontaktskapande arbeid:
Skape best mogeleg kontakt mellom elevane og skulen.
Stimulere til aktiv deltaking i skulesamfunnet.
Stimulere til elevengasjement i opplæringa
Arrangere og tilrettelegge for aktivitetar på skulen, i og utanfor ordinær skuletid, t.d. open skule
Sosialpedagogisk arbeid:
Hjelpe elevar til å finne seg til rette på skulen.
Yte hjelp til elevar som har personlege vanskar og sosiale vanskar.
Oppfølging i mobbesaker.
Mekling mellom elevar i konflikt.
Bidra i elevsaker og i arbeidet med utvikling av klassemiljø
Stilling med krav om 3-årig U/H-utdanning (min. 180 studiepoeng)
Høgare utdanning med vekt på sosialpedagogiske fag t.d. sosionom, vernepleiar, sjukepleiar og pedagog.
Sterke relasjons- og samarbeidsevner.
Følgjer eit ordinært arbeidsår pga. behov for tiltak etter skuletid og i feriar.
Løn og arbeidsvilkår etter lov og avtaleverk.
Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
Må helst disponere bil.
Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Arbeidet utførast både på Skulestad Skogsvåg og på Bildøy.
Kontaktinformasjon
Olav Lee
rektor
93034370
Erik Henneli
ass. rektor
95826077
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.