Vi har ledig vikariat i 100% stilling som tannlege i Sentrum tannhelseområde. Stillinga er ledig frå 29.04.2023 til og med 24.01.2024 med arbeidsstad ved Øygarden tannklinikk. Klinikken har nye og trivelige lokaler med 13 behandlingsrom, eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kolleger som består av 8 tannlegar, 4 tannpleiarar og 11 tannhelsesekretærar
I tillegg til prioriterte grupper behandlar vi og ein god del vaksne, betalande pasientar.
Personlege eigenskapar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ellen Holmemo
klinikkleiar (tannlege)
92068765
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen
områdeleiar tannhelse
92887298
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.