Det er ledig fast leiarstilling i Vossabarnehagen med f.t tenestestad Voss barnehage.
Tidsrom:
Stillinga er ledig frå februar 2023, det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Om arbeidstaden:
Voss barnehage ligg på Tvildemoen ca 10 -15 minutt frå Voss sentrum. Barnehagen har 108 born fordelt på 5 grupper, 1-2 åringane i aldersdelte grupper, 3-5 åringane i alderblanda grupper, derav ei utegruppe.
I Voss barnehage skal alle borna ha nokon å leika med, og oppleva mestring kvar dag.
Arbeidsoppgåver:
I Voss herad har me eit nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste fagmøte, leiarmøte, og tverrfagleg mellom leiarane.
Me kan lova spanande og utfordrande stillingar som gir rom for fagleg og personleg utvikling.
Kvalifikasjonar:
Me Søkjer:
Me søkjer ein dyktig leiar som er motivert for stillinga og har visjonar om leiing av ein god barnehage, og har evne til å inspirera og arbeida målretta og systematisk.
Me tilbyr:
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Spørsmål om stillingen
Frøydis Solbakk
Telefon 452 92 855
Voss - bygd for sterke opplevingar
Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.