Andre gongs utlysing
Eining for oppvekst og kultur i Nissedal kommune har ledige stillingar:
Kvalifikasjonskrav til stillingane:
Me er opne for å vurdere andre potensielle søkjarar, dersom det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar.
Vi kan tilby:
Nissedal kommune har desentralisert barnehagestruktur og har barnehagar på Felle, Fjone, i Treungen og Kyrkjebygda. Stillingane vil kunne bli lagt til alle desse barnehagane ved endringar i behov.
Anna:
Nærare opplysningar får du ved å kontakte:
Søknadsfrist 29.01.2023
Søk på stillingane ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne sida.
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».
Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.
Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.
Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter.
Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.
I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.