16/11/2018

Sjukepleiar, 100 %, 80 % eller 50 % fast stilling

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 16.12.2018

Gol Helsetun er ein sjukeheim med 32 plassar for kort/rehabilitering- og langtidsplass, egen avdeling for personar med demens. Vi har dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, og triveleg arbeidsmiljø. Stillingane er i turnus med dag- og kveldsvakter og arbeid kvar 3. eller 4. helg med 13-timers vakter.

Vi samarbeider tett tverrfagleg med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helseteneste for å få til eit heilskapleg pasientforløp. Vi arbeider kontinuerlig med auka kvalitet i tenesta, fagutvikling og innovasjon, for å møte framtidas behov.

Arbeidsoppgåver:

* Vi arbeider etter primærkontaktsystemet
* Dokumentasjonsoppgåver, legemiddelhandtering og utføring av medisinske forordningar
* Utarbeiding og oppfølging av tiltaks-/pleieplaner
* Opplæring og fagleg rettleiing av kollegaer
* Rettleiing av elevar, lærlingar og studentar
* Være med på implementere nye digitale og velferdsteknologiske løysningar

Kvalifikasjonar:

* Autorisert sjukepleiar
* Nasjonal norskprøve nivå 3
* Fordel med erfaring frå geriatri, demens, kreftomsorg, palliasjon eller velferdsteknologi

Vi ynskjer at:

* Du har god samarbeids- og kommunikasjonsevner
* Du er sjølvstendig og strukturert
* Du har gode kommunikasjons-, samarbeidsevner og er fleksibel
* Du kan bruke IKT-verktøy, - vi har Gerica og Lifecare Mobil Pleie i heimetenesta
* Du likar utfordringar og er fagleg fokusert
* Du har fokus på nærvær og godt arbeidsmiljø
* Du bidreg til fagleg og tverrfagleg samarbeid
* Du har evne til å jobbe i miljø i omstilling

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

* Triveleg arbeidsplass med god opplæring, oppfølging med fadderordning og rettleiing
* Varierte arbeidsoppgåver med moglegheit for å påverke og utvikle tenestene
* Kurs, opplæring og relevant hospitering
* Deltaking i fagleg forum
* Støtte til relevant vidareutdanning
* Konkurransedyktig løn med eit rekruttere/behalde tillegg på 25.000kr i året (v/100 % stilling)
* Eit breitt spekter av utfordingar med pasientar i alle aldersgrupper og ulike hjelpebehov
* Turnus arbeid kvar 3.eller 4. helg
* Vi jobbar med utvikling av personsentrert omsorg og velferdsteknologi
* Fin natur med gode turmoglegheiter

For stillinga gjeld:

* Tilsetting etter gjeldande lov og avtaleverk
* Pensjonsordning i KLP
* Arbeid dag og kveld, vi har eigne nattevakter

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga 

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Linda Muggerud Anderssen
Avdelingsleiar
91673979

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå