Gloppen omsorgssenter 1 etg. skjerma avdeling har ledig ei 100 % fast sjukepleiar/ vernepleiar stilling i turnus, med tilsetting frå snarast.
1 etg har 12 korttid- og rehabiliteringsplasser, 2 KAD plasser og 10 plasser på skjerma eining. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. I 1 etg. har vi eit tett samarbeid med lege, fysio og ergo m.fleire. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier: omsorg, kunnskap og respekt.
Kontaktinformasjon:
Iren Knutsen Utheim
Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta
917 03 443
Elin Bergheim
Avd.leiar 1. etasje omsorgssenteret
908 48 835
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sitt felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.