Bremanger kommune har ledig 100% fast stilling som sakshandsamar, for tida i barneverntenesta. Stillinga er ledig frå snarast. Den som vert tilsett må pårekne seg å delta i barnevernsvakt.
Vi søkjer etter ein person med utdanning som sosionom eller barnvernspedagog.
Det er fint om du har relevant erfaring, og gjerne vidareutdanning retta mot arbeid i barnevernet.
Om du har anna relevant høgskuleutdanning er du velkomen til å søkje.
Desse utdanningane er ønskelege, men ikkje eit krav:
Den som vert tilsett må:
Personlege eigenskapar: evne til å jobbe sjølvstendig, og i team, vise fleksibilitet og samarbeidsevne.
Det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato ·
Kontaktinformasjon:
Anita Brevik
Driftssjef Familie og helse
95982939
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.