Sunde skule er ein barneskule med 175 elevar frå 1.-7. steg. Skulen er påbygd og framstår som ny med store klasserom, spesialrom, eigen SFO og stort flott bibliotek.
Stillingane kan kombinerast.
Fagønske er kunst og handverk, musikk og spesialpedagogikk. Stillinga inneber oppfølgingsansvar for elevar med spesielle behov, støttelærar og undervisning på fleire steg.
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.
Sunde skule har også behov for tilkallingsvikarar i skule og sfo. Desse kan ta direkte kontakt med rektor.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon:
Rektor Anne Finsveen Midtbø
tlf: +47 57 82 87 31
mob: +47 957 43 593
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.