Vi har som mål å vere ei teneste i utvikling, der pasient og fagleg fokus står sentralt. Vi likar strukturerte og effektive dagar, men og at det er rom for latter og god prat i pausane. Målet vårt er å finne dyktige og trivelege personar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg? Vi håpar det og at du vart litt nysgjerrig no. Følg oss gjerne på Instagram på @skeiheimeteneste for litt meir innblikk i kvardagen vår og kven som jobbar her.
Stilling er i 2-delt eller 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Kontaktpersonar:
Einingsleiar Heidi Flatjord
tlf: +47 57 72 61 63
mob: +47 901 89 460
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.