Naustdal omsorgssenter har 20 plassar. Vi har eit godt fagmiljø med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Her er brukarar med mange ulike diagnosar. Vi har ein god arbeidsstad med høgt tempo, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkommen til å søke!
Arbeidstid er 3-delt turnus med arbeid 3. kvar helg.
I stilling som sjukepleiar kan 3. års sjukepleiarstudentar bli vurdert som aktuell for stillinga.
Vi tilbyr rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20 000 i 100 % stilling for sjukepleiarar.
Du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar!
Kontaktinformasjon:
Renate Kvalstad
tlf: +47 57 81 62 01
mob: +47 952 47 301
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.