Solund kommune - midt i blinken for deg som trivast i naturen!
Ei idyllisk perle samansatt av øyar og holmar ytterst i Sognefjorden. Kva tenkjer du om kombinasjonen øyhopping, kajakk, sykkel og fottur? Staden byr på flotte naturopplevingar og har i tillegg gode idretts- og kulturtilbod. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Alle er velkomen til Solund kommune, og ein blir godt ivaretatt av lokalsamfunnet. Kanskje du allereie bur i nærleiken, eller er villeg til å flytte/pendle for ein kvardag under open himmel?
Kvifor vurdere denne stillinga?
Solund kommune søkjer etter leiar for helse og omsorgssektoren.
Helse og omsorgsleiar er øverste leiar for sektoren og har eit overordna ansvar for helse og omsorgstenesta. Leiaren sit i kommunedirektøren si leiargruppe.
Helse og omsorgsleiar har ansvar for institusjon/open omsorg, PU-tenesta, psykisk helseteneste og rus, legeteneste, helsestasjon, jordmorteneste og fysioterapi/ergoterapi. Helse- og omsorgsleiar har også ansvar for kjøken, vaskeri og reinhald. Ved Solundheimen som har 20 institusjonsplassar, er det dagavdeling, fysioterapi og ergoterapi, eige kjøkken og eige vaskeri. Open omsorg gjev omsorg på dag og kveld, det er ikkje nattilbod. Institusjonen og open omsorg er slått saman til ei eining der personalet jobbar i båe einingar.
Solund kommune driftar si eiga ØHD/KAD seng. Vi har eigen kommunepsykolog i full stilling. Vi yter gode helse- og omsorgstenester, og har ingen venteliste på institusjonsplass eller andre tenester. Vi tildeler tenester etter behov.
Eininga har stort fokus på arbeidsmiljø, og har lågt sjukefråvær. Som leiar i Solund kommune får du utfordrande arbeidsoppgåver som stiller krav til fagleg kompetanse, kreativitet og løysningsorientert fokus, og du får høve til tverrfagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
• overordna styring og leiing av eininga
• heilskapleg ansvar for økonomi og budsjett
• overordna personalansvar
• ansvar for å leie og utvikle eininga sitt tenestetilbod, og arbeids- og fagmiljø
• handsaming av saker for eige område til politiske organ
Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.
Kvalifikasjonar
• har helsefagleg/sosialfagleg høgskuleutdanning
• leiarerfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring
• god økonomi- og budsjettforståing
• kjennskap til offentleg forvaltning
• kommuniserer godt, og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil
• er løysingsorientert og har vilje til utvikling og samarbeid
• skapar gode relasjonar og resultat gjennom samarbeid med tilsette og deira tillitsvalde
• har god arbeidskapasitet med evne til å prioritere og delegere
• er nytenkjande og vil arbeide med endring og utvikling
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
• spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
• løn etter avtale
• god pensjonsordning i KLP
• tilsetjing i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
• godt arbeidsmiljø
• å vere hjelpsam med å skaffe bustad
• å vere hjelpsam med å formidle kontakt med mogeleg arbeidsgjevar for eventuell partnar
Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema. Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknaden (off.lova § 25).
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Kontaktinformasjon:
Erik Askeland
tlf: +47 57 78 62 00
mob: +47 975 34 479
Solund kommune - midt i blinken for deg som trivast i naturen!
Ei idyllisk perle samansatt av øyar og holmar ytterst i Sognefjorden. Kva tenkjer du om kombinasjonen øyhopping, kajakk, sykkel og fottur? Staden byr på flotte naturopplevingar og har i tillegg gode idretts- og kulturtilbod. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Alle er velkomen til Solund kommune, og ein blir godt ivaretatt av lokalsamfunnet. Kanskje du allereie bur i nærleiken, eller er villeg til å flytte/pendle for ein kvardag under open himmel?