23/07/2018

Sjukepleiar / vernepleiar til demensavdeling

  • Time kommune
  • Time, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 26.08.2018

STED: Time

Me søkjer

Sjukepleiarar / vernepleiar i 80%- 100 % i 2 faste stillingar. Me opppfordrar sjukepleiarar med spesialutdanning innan  eldereomsorg å søkja.

Stillingane er på demensavdelinga på Sivdamheimen. Me treng sjukepleiarar/vernepleiar som ønskjer høg grad av fagleg utvikling og som likar varierte utfordringar.

Om arbeidsplassen

Sivdamheimen ligg i Bryne sentrum med gangavstand fra togstasjonen.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukermedverknad.
Institusjonen i Time kommune har eigne fagutviklarar, som har fokus på kompetanse, 
pasientsikkerheit og kvalitet. 
Vårt mål er å skapa eit arbeidsmiljø der rehabilitering / habilitering, palliasjon, brukarmedverkning, omsorg og livsglede er i sentrum til beste for den enkelte pasient.

Me tilbyr

-   ein spanande arbeidsplass
-   varierte arbeidsplass med moglegheit for fleksibilitet i arbeidstid, stillingsstorleik og fagleg oppdatering
-   samarbeid, kompetanse og kvalitet
-   gode stipendordningar om du tenkjer på vidareutdanning
-   godt arbeidsmiljø med fokus på det sosiale
-   bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining

Om arbeidsoppgåvene

Som norsk autorisert sjukepleiar / vernepleiar må du meistre norsk språk munnleg og skriftleg ( tilsvarende B2).
Det er viktig at du kan samarbeida med pårørande og oppmuntra til brukermedverknad.
Samarbeida tverrfagleg og gi veiledning. 
Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskapa. 
Du må lika å arbeida både sjølvstendig og i team.
Ha god innsikt, tryggleik og engasjement for sjukepleiarfaga.
At du liker utfordrande arbeidsoppgåver med spesiell fokus på miljøarbeid og aktivitet for våre pasientar.

Kvalifikasjonar

-  du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
-  det er nødvendig at du har gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
-  dokumentasjon  er viktig, derfor må du ha gode datakunnskaper
-  du  må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst
-  er fleksibel og strukturert
-  har god fagleg innsikt og tryggheit
-  kunne delegere og prioritere
-  gode kommunikasjons- og  samarbeidsevner
-  at du er positiv og har engasjement for sjukepleiaryrket
-  personleg egnetheit vil bli vektlagt

Andre krav

-  Søkjarar som har annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg 
vidaregåande skule, må minimum ha fått bestått på Bergenstesten, eller annen norsktest på B2-nivå. 
Dokumentasjon må vedlegges intervjuet.

-  Politiattest

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Ellen Aursland
Stillingstittel: Avdelingsleiar
Telefon: 900 59 568

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå