SØKNADSFRIST: 10.08.2022
Ved avdeling teknisk, miljø og landbruk er det ledig fast stilling som sakshandsamar. Oppgåvene er i hovudsak handsaming av byggje- og delesaker etter Plan- og bygningslova.
Arbeidsstad
Kommunehuset, Masfjordnes
Arbeidsoppgåver
* Sakshandsaming knytt til byggje- og delesaker etter Plan- og bygningslova og anna lovverk som vert forvalta på
avdelinga.
* Delta i planarbeid knytt til reguleringsplanar.
* Arbeidsoppgåver knytt til drift, ulike typar utviklingsoppgåver og andre oppgåver
Kvalifikasjonskrav
* Utdanning som jurist, arealplanleggar, ingeniør eller teknikar med erfaring med byggje- og delesaker etter Plan- og bygningslova og/eller prosjektarbeid knytt til bygg og anlegg m.v.
* Relevant praksis frå eit eller fleire av fagområda som avdelinga har ansvaret for er ønskjeleg, men ikkje påkrevd, då opplæring vert gjeve.
* Gode samarbeidsevne
* God munnleg og skriftleg framstillingsevne
* Kunnskap om bygg og anlegg m.v.
* Erfaring med bruk av dataverktøy
* Kan arbeide sjølvstendig
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Me tilbyr
* Tilsetjing i 100% fast stilling
* Varierte arbeidsoppgåver
* Fleksitid og eit positivt arbeidsmiljø
* Løn etter avtale
* medlemskap i pensjonsordning hjå KLP
Masfjorden kommune er IA- verksemd.
Om avdelinga
Teknisk, miljø og landbruk (TML) omfattar både serviceoppgåver, tilrettelegging av infrastruktur og forvaltning.
Avdelinga har i dag 11 tilsette.
Avdeling for teknisk, miljø og landbruk i Masfjorden kommune står for viktige delar av dei kommunale tenestene, som tilrettelegging til busetnad, areal og næring og for å ivareta gode tenester innanfor drift og vedlikehald av bygningar, veg og vatn m.v.
Oppgåver som avdelinga løyser i dag er: Byggje- og delesaker, kommunalt vegnett, vatn og avlaup, vedlikehald av kommunale bygg, kart og oppmåling og saker knytt til utmarksforvaltning, landbruk og miljø.
Du kan sende søknad slik
Send søknad elektronisk via Visma rekruttering. Bruk portalen på www.masfjorden.kommune.no, ledige
stillingar. Attestar og vitnemål kan du laste opp eller du kan ta dei med til eit eventuelt jobbintervju. Ta kontakt
med tenestetorget på tlf 56166200 om du har problem med å registrere deg som søkjar.
Kontaktinformasjon:
Teknisk sjef Roald Kvingedal
Telefon 56 16 62 88
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.