Vinje helse og meistring – Heimetenesta Åmot
Arbeidet vil i hovudsak omhandle reinhald av rom som er i dagleg bruk i brukars private heim, og eller i brukars kommunale omsorgsbustad.
Arbeidstid
Kvalifikasjonar
Det vil bli lagt vekt på personleg eignahet. Me søkjer deg som
Kven er me?
Ein triveleg gjeng på 15 stk. som held til i Vestli, bygget rett bak Spar i Åmot.
Me er heimesjukepleie, heimehjelp, dagtilbod og demenskoordinator. Me har fagfokus og vidareutdanning innan kreft, demens, sår, KOLS, høyrsel og innan Noklusarbeid.
Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Dersom det ved interne omrokkeringar vert ledige fleire stillingar, tilset me og i desse.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vitnemål og attestar må takast med til intervju.
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar
Anne Jannicke Lie tlf. 46 92 40 80
Søknad skal sendast på elektronisk skjema. Skjema finn du her
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.