Helse og meistring, Teneste for funksjonshemma, Svingen og Reini bufellesskap
Tenester for funksjonshemma er lokalisera i Åmot i Vinje kommune og yter hjelp til menneske med ulike funksjonshemmingar.
Me har no ledig to vikariat som vernepleiar og søkjer fagleg engasjera og motivera medarbeidarar.
Vernepleiarar tilsett på Svingen får eit årleg tillegg på kr 48 000,- i 100 % stilling.
Tenester for funksjonshemma er lokalisera i to bygg, Svingen og Reini bufellesskap.
Svingen har 11 bueiningar og døgnkontinuerlig drift.
Reini har 4 bueiningar med bemanning delar av døgnet.
Me er opptekne av å gje gode og tilpassa tenester til våre tenestemottakarar, som er av ulik alder og har ulike funksjonshemmingar. Sentralt for arbeidet i avdelinga er tilrettelegging i tråd med den enkelte bebuar sine behov, bidra til sjølvstende, inkludering og deltaking.
Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Har du spørsmål om stillinga, kontakt avdelingsleiar
Raymond Daniel Ryland på tlf 97 10 73 84 eller send epost
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema. Skjema finn du her
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.