Helse og Meistring - sjukeheimen - natt institusjon og nattpatrulje
Har du lyst å arbeide som sjukepleiar hjå oss, me har ledig fast stilling for sjukepleiar på natt, der stillinga er delt mellom natt institusjon og i nattpatrulje.
Arbeid i nattpatrulje krev at du har sertifikat, kommunen held bil i teneste.
Oppdrag i nattpatrulje er primært i Åmot distrikt, i særlege høve, og etter avtale, kan det og vera aktuelt med oppdrag utanfor dette området.
Base for nattpatruljen er Vinje sjukeheim i Åmot, der er det ein sjukepleiar og ein helsefagarbeidar som blir dine kollegaer på natt.
Natt institusjon – Sjukeheimen har 32 sengeplassar, 9 korttidsplassar der 3 plassar er øyremerkt rehabilitering og 2 plassar er øyremerkt KAD for Tokke og Vinje, resterande plassar er andre korttidsopphald.
Langtid har 25 sengeplassar fordelt på 3 grupper, der to grupper er tilrettelagt for demente.
Me er opptekne av å bruke dei ressursane og den kompetansen me har tilgjengeleg, så fleksibelt som me kan.
Me søkjer deg som har
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Turnus over 6 veker med arbeid kvar tredje helg.
Ved interne rokkeringar blir det tilsett i desse stillingane samstundes.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar
Liv Berit Versto tlf: 91 76 54 97
Søknad skal sendast på elektronisk skjema. Skjema finn du her
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.