23/10/2018

Ledig stilling som kommunepsykolog

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Psykologi

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 16.11.2018

Austrheim og Fedje har ledig interkommunal stilling som kommunepsykolog med Austrheim som vertskommune. Stillinga vart oppretta for to år sidan og vår noverande psykolog har søkt andre utfordringar. Vi søkjer engasjert og løysingsorientert psykolog til å arbeide i 1. linjetenesta i kommunane.

Opplysninger avdeling

Stillinga er plassert i Avdeling psykisk helse som inngår i helseavdelinga med kommuneoverlegen som øverste overordna.
Begge kommunane har psykisk helsetenester. I Austrheim er dette ein del av helseavdelinga med kommuneoverlegen som næraste overordna. I Fedje er det ei sjølvstendig eining. Fedje kjøper i tillegg tenestene jordmor, PPT og barnevern frå Austrheim. Ei av helsesøstrene har fellesstilling mellom Austrheim og Fedje. Vedkomande som får stillinga som psykolog, vil samarbeide med alle desse i begge kommunane i tillegg til legane.

Stillinga er organisert under helseavdelinga i Austrheim kommune, der Fedje kommune kjøper 20 % av stillinga. Søkjar må ha sertifikat og bør disponere eigen bil. 

Arbeidsoppgåver

Gjennom to år er stillinga godt forankra i det kommunale helsetilbodet. Vi søkjer ein psykolog som ser utfordringa i å dra dette vidare. Austrheim skal starte opp eit lokalt Recovery-prosjekt innan rus og psykiatri ved årsskiftet. Psykologen vil gå inn i prosjektgruppa her. 
Arbeid med unge er eit sentralt område for psykologen. Psykologen er engasjert i arbeidet med å få ned fråfallet i den vidaregåande skulen. Austrheim har ein vidaregåande skule lokalisert i kommunen. Skulen har mange elevar frå både Austrheim og Fedje kommunar. 
Psykologen vil og bli trekt inn i arbeidet med å ta tak i skulevegrarar i grunnskulane for å førebyggja fråfall i skulen.

Psykologtenesta er ei etablert ordning og forankra i begge kommunane. Psykologstillinga er ein del av det kommunale helsetilbodet og er forankra inn mot fastlegane og psykiatrisk sjukepleiar.
Ordninga er og forankra inn mot dei ulike samarbeidspartnarane som PPT, jordmor, helsesøstertenesta og barnevern. 
Ei viktig oppgåve er å videreføre rutinar og samarbeid med tenester innan Helse Bergen og spesialisttenesta. Fleire av kommunane i Nordhordland har kommunepsykolog, slik at det vert høve til å gå inn i nettverk i regionen. 
Stillinga vil og innebere eit arbeid med å få til brukarmedverknad i utforminga.

Ein legg vekt på at psykologen vert ein viktig del av det kommunale krisearbeidet.

Ein viktig del av stillinga vil verte knytt opp til rettleiing inn mot grupper av arbeidstakarar/miljøterapeutar rundt ulike brukarar.

Ansvar / arbeidsoppgåver
Vedkomande som vert tilsett vil mellom anna arbeide med fylgjande:
Tilbodet til barn/ungdom og unge vaksne som står i fare for å utvikle psykiske lidingar eller rusproblematikk
Arbeide inn mot elevar i den vidaregåande skulen og grunnskulen for å førebyggja "utdropping"
Arbeide inn mot flyktningar i begge kommunane
Arbeide inn mot personar i ulike sjukdomsgrupper
Dokumentasjonsarbeid
Arbeid på systemnivå

Krav til kompetanse

- Offentleg godkjent psykolog/psykologspesialist
- Fleksibel og løysingsorientert
- Sjølvstendig og trygg med personlege eigenskaper som høver i arbeidet med målgruppa
- Ønskjeleg med relevant erfaring
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest ved oppstart i stillinga 

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar ta kontakt med
Kommuneoverleg Peter Kubon på tlf. 56 16 82 00
Fagleiar psykiatri Kristine Fanebust på tlf. 56 16 82 00
Assisterande rådmann Olav Mongstad på tlf. 913 74 696

Vi kan tilby

- Fleksitidsordning
- Høve til å utvikle og påvirke tenestetilbodet for psykisk helse i kommunen
- Samarbeid med dyktige fagpersonar i eit stabilt og godt arbeidsmiljø
- Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
- Lønn etter avtale basert på kvalifikasjonar og erfaring
- God pensjonsordning, KLP. 

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå