I Bremanger kommune - for tida ved Haugetun Bukollektiv i Open Omsorg Ytre - er det ledig fleire helsefagarbeidarstillingar i 85 % stilling – andre med relevant arbeidserfaring innan feltet kan også søkje.
Haugetun Bukollektiv er eit eldrekollektiv i Bremanger, og er ei avdeling i Open omsorg Ytre. Her bur 8 bebuarar der dei har kvar sitt rom og nyttar fellesareala til felles måltid og sosialt samvær. I tillegg har dei tilsette tilsyn med 3 omsorgsboligar som ligg like ved.
Vi har 3 – delt turnus med arbeid kvar 3dje helg. Vi har kvilande nattevakter med avlønning1:3 delar av nattevakta.
Kontaktinformasjon:
Therese Grotle Eikeset
Fagleiar heimesjukepleien
95 98 29 69
Karine Igland
Drifssjef Open omsorgs ytre
959 82 940
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.