NAV Vest -Telemark leverar NAV tenester til kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal,Fyresdal,Tokke og Vinje. Hovudkontoret ligg i Tokke kommune og Tokke kommune er vertskommune for det felles NAV kontoret. NAV Vest -Telemark er organisera i 3 team , veiledning/marked, oppfylging og forvaltning. Den ledige stillinga høyrer til i forvaltning og er ledig frå 010822
Arbeidsoppgaver:
Sakshandsame etter Lov om Sosiale tenestar
Råd, rettleiing og oppfylging av brukarane i NAV
Motivere og tilrettelegge for at brukarane til NAV skal bli økonomisk sjølvhjelpne
Tverrfagleg arbeid for å sikre heilskapleg oppfylging av brukarane i NAV
Ein må pårekne endringar i arbeidsoppgåvene frametter.
Kvalifikasjonar:
Det er krav om 3 årig universitets- eller høgskuleutdanning til stillinga, fortrinnsvis innom sosialfag
Lang og relevant erfaring fra arbeid med arbeidsretta rettleiing og/eller brukeroppfylging kan kompensere for utdanningskravet
Det er krav om førarkort kl B
Personlige egenskaper
Gode samarbeidsevner
Relasjonkompetanse
Tydeleg, strukturert og resultatorientert
Sjølvstendig og har gode kommunikasjonsevner
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må rekne med ein del pendling mellom kommunesentra i Vest-Telemark.
Vi tilbyr
Spennande og interessante arbeidsoppgåver
Eit team med høg fagleghet
Eit svært godt arbeidsmiljø med mykje humor
Engasjerte kolleger
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn her
Spørsmål om stillinga kan rettast til NAV leiar Gerd Kari Skaalen, telefon 95832211
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.