Vestland fylkeskommune (VLFK) har ansvar for å utvikle Vestlandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 380 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig fast 100 % stilling som driftsleiar ved Nye Førde Vgs. Driftsleiar vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett får opplæring i drift og vedlikehald av dei tekniske anlegga knytta til driftsområde i Sunnfjord.
- Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg.
- Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
- Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen.
- Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga.
- Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga.
- Andre oppgåver knytt til drifta. Noko reisevirksomheit i Sunnfjord må påreknast.
- Fagbrev fortrinnsvis som røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant erfaring innan bygningsdrift.
- Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg.
- Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø.
- Praktisk yrkeserfaring.
- Førarkort kl. B
- Spennende oppgaver i eit tverrfaglig miljø
- Engasjerte og dyktige medarbeidere
- Gode muligheter for faglig utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Kontaktperson: Jan Ove Gjermundstad
Stillingstittel: Områdeleiar
Telefon: 415 30 900
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.