12/10/2018

Prosjektleiar - kommunestruktur

  • Fylkesmannen i Rogaland
  • Stavanger, Norge
Administrasjon - Økonomi Jus Ledelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 28.10.2018

Stortinget har slutta seg til at det er behov for endringar i kommunestrukturen. I kommuneproposisjonen for 2019 er det presentert eit opplegg for å vidareføre dette arbeidet. 

Fylkesmannen i Rogaland har fått i oppgåve å bidra med særleg vekt på diskusjonar om utfordringar i den enkelte kommune. Det er etablert ei eiga arbeidsgruppe i embetet. 

Vi søkjer no etter ein medarbeidar som skal legge til rette for arbeidet internt, og som skal vere talsperson eksternt. Vår nye medarbeidar får ei sentral rolle i arbeidet med ny kommunestruktur. 

Arbeidsoppgåver:  

Prosjektleiaren får ei sentral rolle i arbeidet med ny kommunestruktur i Rogaland. Medarbeidaren skal stimulere til diskusjonar i den einskilde kommunen, om konsekvensane av status quo og mogelegheitene som kan ligge i strukturendringar, og bidra til kommunesamanslåing der det lokalt ligg til rette for det. Ein viktig del av arbeidet blir å etablere og gjennomføre dialog med kommunane. Å synleggjere og nytte kompetanse inn i arbeidet med kommuneendringar, blir og viktig. Oppgåvene inneheld også kartlegging og rådgjeving, i god dialog med fagavdelingane i embetet. Det kan bli aktuelt med andre arbeidsoppgåver ut frå prosjektleiar sin faglege bakgrunn. 

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som har

  • utdanning på mastergradsnivå, til dømes innan økonomi, jus, samfunnsvitskap. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande mastergrad

  • god kunnskap om kommunesektor og offentleg forvaltning, gjerne erfaring frå ein kommune

  • erfaring frå prosjektarbeid

  • god rolleforståing

  • god formidlingsevne, munnleg og skriftleg

  • god IKT-kompetanse.

  • kunne nytte begge målformer.  

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som initiativ, fleksibilitet og samarbeidsevne. Å kunne arbeide sjølvstendig, vere løysningsorientert og ha evne til gjennomføring er eigenskapar vi legg vekt på. 

Vi tilbyr:

  • utfordrande arbeidsoppgåver

  • lønn etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring

  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk

  • pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)

  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus 

Stillinga som prosjektleiar er tenkt plassert i Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga. Prosjektstart er hausten 2018 med varigheit ut 2019. Tilsetting skjer under føresetnad av godkjenning av eiga løyving i 2019.

Det er 6 månaders prøvetid. 

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få av ass. fylkesmann Harald Thune, mobil 90504510 eller fung. avdelingsdirektør Jan Petter Stangeland, tlf 51568855, mobil 452 34 036.


Søk nå