10/10/2018

Bibliotekleiar

  • Ulstein kommune
  • Ulstein, Norge
Kultur - Bibliotek Ledelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 28.10.2018

Ulstein bibliotek flytta i desember 2017 inn i nye lokale i Ulstein Arena. Biblioteket har godt besøk, og har moderne og innbydande lokale, midt i Ulsteinvik sentrum. Ulstein bibliotek er eit meirope bibliotek, som også skal vere ein møtestad for innbyggarane, ein debattarena, lokale for utstillingar og mindre konsertar m.m.

Om stillinga - arbeidsoppgåvene

  • 100 % fast stilling frå 1. desember 2018.
  • Biblioteket har to årsverk, fordelt på bibliotekleiar og to assistentar.
  • Bibliotekleiar er bibliotekfagleg ansvarleg og tek del i dei fleste arbeidsoppgåver i biblioteket.
  • Økonomi og personalarbeid.
  • Samarbeid med skular, lag og organisasjonar.
  • Ulstein har formalisert biblioteksamarbeid med nabokommunane Hareid, Herøy og Sande, noko som gir lokalt kollegafellesskap og fleire samarbeidsprosjekt.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend bibliotekfagleg utdanning. Søkjarar med anna utdanning frå høgskule/ universitet kan bli vurdert.
  • Serviceinnstilling og ønske om å jobbe allsidig og utviklingsorientert.
  • Digital kompetanse.
  • Personleg eigenskapar og gjerne leiarerfaring.

Vi kan tilby

  • Jobb i ein attraktiv og utviklingsorientert kommune.
  • Leiar for eit av Noregs mest moderne bibliotek.
  • Lønn etter avtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad.

For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte:

Kultursjef Leif Ringstad, tlf 473 01 332 / leif.ringstad@ulstein.kommune.no

Ber om at søkarar nyttar elektronisk søknadsskjema, trykk på knappen "Søk nå" på denne sida. StillingsID: 349 

Søknadsfrist: 28.10.2018

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå