05/10/2018

Fagpersonell innan sjukepleie, vernepleie og ergoterapi, i tillegg til helsefagarbeidarar, til ny avd. for demente, Luranetunet

  • Os kommune i Hordaland
  • Os, Hordaland, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 22.10.2018

Har du lyst til å jobbe med demente i eit tverrfagleg miljø?

Luranetunet søkjer fagpersonell innan sjukepleie, vernepleie og ergoterapi, i tillegg til helsefagarbeidarar, til ny avd. for demente.

Vi opnar ei ny avdeling for demente 2. januar 2019 og søkjer etter deg som ynskjer å vere med å byggje opp ei heilt ny avdeling og bidra til å etablere eit inspirerande og godt fag- og arbeidsmiljø.

Alle demensavdelingane våre jobbar personsentrert, som er den anbefalte faglege nasjonale retningslinja om demens. Vi vil byggja eit fagmiljø som er med å fremja synet om demens i samfunnet og som er oppteken av å sjå mennesket bak 
sjukdommen. Vårt motto er: "det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar".

Målsettinga vår er at bebuarane skal kjenne seg trygge og oppleve kontinuitet i tenestene. Vi ynskjer difor å nytte kompetansen til ulike faggrupper, og saman med færre tilsette med store stillingar meiner vi å kunne oppnå denne målsettinga.

Sjukepleiarar/vernepleiarar/ergoterapeutar:

https://jobb.oskommune.no/recruitment/jobid/2544      

100 % stilling x 2 for sjukepleiar i langvaktturnus med arbeid kvar 4. helg. 
100 % stilling for sjukepleiar/vernepleiar i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter på helg)
100% stilling x 3 for sjukepleiar i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter på helg)
100 % stilling for ergoterapeut i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter på helg)

Helsefagarbeidarar:

https://jobb.oskommune.no/recruitment/jobid/2539

100 % stilling x 2 i langvaktturnus med arbeid kvar 4. helg. 
100% stilling x 3 i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter på helg)
 80 % stilling x 2 i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter på helg)
 75 % stilling x 2 i to delt turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter på helg)
 65 % stilling x 2 i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter på helg).

For dei mindre stillingane vil det vere mogleg å tilby større stilling, der reststillinga vil vere planlagt i turnus. Det kan innebere at 
ein går vakter på ulike avdelingar ved behov for ekstravakter.

Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta, Luranetunet ny avdeling med inntil 20 bebuarar.

Kontaktperson
Marit Tandberg
Stillingstittel: Fagkonsulent
Telefon: 56 57 56 23 / 480 12 966

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå